Kolbrandstad stavkyrkje

Denne kyrkja vart bygd på dugnad, og eigar er Kolbrandstad stavkyrkjelag. Den  vart innvia 9. januar 2000. Stavkyrkja er bygd etter gamal byggeskikk og gamle tekniske løysingar. Det er ikkje spikar i bygningen, unnateke til feste for takspon, og i lysgluggane er det ikkje glas, men svineblærer.

Kyrkja står like ved tufta der den gamle kyrkja sto fram til 1681. Det står ein bauta ved sida av kyrkja som vart reist av Ungdomlaget Framsteg i 1931 til minne om den gamle kyrkja.

Fram til 1681 var det kyrkje både her og på Grøtan, men da vart begge nedlagde og det vart felles kyrkje for hele Hølonda på Krokstad. Kyrkja vert bruka til gudstenester, barnedåp, brudlaup og andre arrangement.

Kilde: Melhus historielag